Karriere i Sunnfjord?

Karriere er viktig. Å ha ein spennande jobb ein trivast i og. Sunnfjord har eit rikt næringsliv i stor utvikling, med mange mogelegheiter for deg som vil gjere karriere og klatre karrierestigen.

I Sunnfjord er sjansen stor for at innsatsen du gjer blir lagt merke til, noko som kan gje deg mogelegheita til å stige i gradane raskare enn i ein storby. Og så er livet meir enn berre jobb. På fritida finns det noko for alle, uansett om det er fjelltur, shopping eller kafélivet som freistar mest.

Her finn du oversikt over ledige stillingar:

Ledige stillingar på firda.no
Ledige stillingar på finn.no
Ledige stillingar på framtidsfylket.no
Ledige stillingar på nav.no 

Er du nyutdanna og kunne tenkje deg å oppleve eit unikt år i ei traineestilling på Vestlandet? Her kan du lese meir om traineeopplegget til Framtidsfylket.