Kva skjer?

Visste du at Sunnfjord har ein av dei største klubbane i Vestland – Larris Scene, eit nettverk som heiter Sunnfjord U40 og uendeleg med fritidsaktivitetar?

Ikkje berre er Sunnfjord ein god plass å bu for å bygge karrierestigen raskare, men her er også utruleg mange og gode fritidstilbod. I Sunnfjord er det tilrettelagt for ein urban livsstil med kort avstand til det meste. I tillegg har regionen plenty av fine naturopplevingar.

Drøymer du for eksempel om eit liv der du kan vere på ein fjelltopp berre ein time etter du forlet kontoret? Då er Sunnfjord plassen for deg!