
Ei spennande karriere ventar på deg i Sunnfjord
Nyutdanna? Få ein kickstart på yrkeslivet.
Karriere er viktig. Å ha ein spennande jobb ein trivast i også. Og som nyutdanna er det kanskje det viktigaste. Sunnfjord har eit rikt næringsliv i stor utvikling med store moglegheiter for deg som vil gjere karriere.
I Sunnfjord er sjansen også stor for at innsatsen du gjer blir lagt merke til, noko som kan gje deg mogelegheita til å stige i gradene raskare enn i ein storby. Og så er livet meir enn berre jobb. På fritida finst det noko for alle, uansett om det er fjelltur, shopping eller kafélivet som freistar mest.
Vi kunne sagt meir, men nøyer oss med dette:
Den beste starten på karriera di finn du i Sunnfjord.
Klar for ein enklare kvardag?
Sjonglerer du jobb og fritid og er lei av å bruke ein time eller to kvar dag for å komme deg til og frå barnehage, jobb og skule? I Sunnfjord brukar vi sjeldan meir enn 10 minutt kvar veg på slikt.
Vi har nokre av landets beste skular, god barnehagedekning og alt du treng for å leve eit godt liv, utan å måtte pendle eller stå i kø ein halvtime både morgon og kveld. Vi har plass, vi har fantastisk natur, eit rikt kulturliv og gode kortreiste fritidstilbod!
Og viktigast av alt: Vi har eit mangfaldig og blomstrande næringsliv med spennande karrieremoglegheiter, og jobbar til både deg og partneren din.