Veidekke – vi diggar ny teknologi!

I Veidekke driv vi i praksis med to ting; skaffe byggeprosjekt – og utføre dei! Vi samarbeider tett med arkitektar og rådgjevarar for å utvikle dei beste prosjekta, og så står vi for sjølve bygginga. I Veidekke elsker vi å bygge og ser gleda i å skape flotte, berekraftige og funksjonelle bygg for våre kundar. Difor treng vi deg som er praktisk anlagt, diggar ny teknologi, brenn for det grøne skiftet og har ei god dose kremmarånd i botn.

Kvar dag løyser vi oppgåver som er ulike dei vi løyste i går. Då treng vi folk med ulik bakgrunn som kan sjå løysingar på nye, innovative og ikkje minst lønsame måtar. I Veidekke er vi opptekne av mangfold og inkludering, og er du kvalifisert så håper vi du kontakter oss – uansett kven du er. Kanskje er det nettopp deg som kan bli ei viktig brikke i eit av våre høgtpresterande team?

Er du ny i arbeidslivet og ynskjer deg ei profesjonell utvikling, eit kjekt og inkluderande arbeidsmiljø og utfordrande og spennande oppgåver? Den beste starten på karriera di får du her hos oss i Veidekke. I Veidekke kan du delta på Fundament – vårt program for nyutdanna. Du får høve til medeigarskap i Veidekke gjennom aksjeprogrammet vårt – og får ein pangstart på eigarskapet ved å få tildelt aksjar for kr 10.000 når du begynner.

Fundament er eit nytilsettprogram for deg som kjem rett fra høgskole, universitet eller teknisk fagskule utan vesentleg arbeidserfaring. I ditt fyrste år i Veidekke vil du gjennom Fundament-programmet delta på samlingar, kurs og webinar med andre nyutdanna. Vårt mål er å gje deg den aller beste starten på arbeidslivet og di framtidige karriere i Veidekke, og opne muligheiter for deg som du kanskje ikkje får andre stader. Veidekke er Norge sin største byggentreprenør og eit stort konsern med nær 8000 tilsette. Men vi har sterk lokal forankring og likar å kalle oss multilokale. Arbeidsoppgåvene våre er dei same om vi jobbar i Oslo eller i Sunnfjord. Men kanskje blir læringskurva di litt brattare her i Sunnfjord?

Din jobbkvardag som nyutdanna vil vere ute på prosjekt,
og du vi vil blant anna få:

  • fagleg variasjon med oppgåver som driftsoppfølging, produksjonsplanlegging, HMS og kvalitetssikring
  • ansvar innanfor områder som kontrakt, prosjekteringsleiing eller tilbod og anbod
  • delta på samlingar, webinar og kurs med andre nyutdanna

Som nyutdanna hos oss får du:

  • konkurransedyktige vilkår og gode pensjons- og forsikringsordningar
  • ein «mentor» som du kan sparre ekstra godt med
  • aksjer i Veidekke gjennom vårt aksjeprogram for tilsette
  • firmahytter i store delar av landet
  • eit stort utval av bedriftsidrett og organiserte ekskursjoner
  • ein framtidsretta jobb i ei næring i stor utvikling
  • gode kolleger som heier på kvarandre
  • jobbe i eit selskap som ynskjer å utvikle deg og dei rundt deg
  • gode høve til å bygge deg eit godt nettverk
  • ha det kjekt på jobb!

Her finner du enda mer informasjon om Veidekke: Nettside