Karrieremoglegheiter innan digital innovasjon og betalingsløysingar

Convene Group er ein leiande partnar innan betalings- og administrasjonsløysingar i Skandinavia. I meir enn 10 år har vi stått i spissen for digital innovasjon innan helse og trening, og vi er med på å definere morgondagens teknologi for betaling og sjølvbetening innan ei rekke ulike bransjar i 14 land verden over.

Som ein del av Convene Group blir du med i eit engasjert team av medarbeidarar som brenner for å utgjere ein forskjell. Totalt tel vi meir enn 200 menneske fordelt på fire dotterselskap, med kontor på Sandane og i Førde, Oslo, Aarhus og Halmstad.

CrediCare i Førde er eit selskap i Convene Group. Våre unike løysingar kombinerer moderne teknologi med tenesteleveranse innan betaling, fakturering, betalingsoppfølging og inkasso. Ved hjelp av sjølvbetening og automatisering frigjer løysingane våre manuelle ressursar og forenklar arbeidskvardagen til både kundar og partnarar.

Kvifor jobbe i CrediCare?
Folka våre: Vi er ein samansveisa gjeng som trivast godt saman! Det er viktig å ha det kjekt på jobb – samhald skaper trivsel.

Kommunikasjon: Vi trur på å vere opne og transparente. Kvar fredag sender vår CEO ut informasjonsbrev som summerer opp veka vår. Kvar månad møtast vi til eit fellesmøte om rikets tilstand. Vi har stor takhøgde, korte avgjerdsvegar og opne dører.

Vår lokasjon: Vi har nye og moderne lokale i innovasjonsmiljøet PEAK Sunnfjord i Førde – ein førsteklasses arena for samspel og aktivitet.

Fagleg utvikling: Vi synes det er kjekt å lære og har sansen for folk som vil utvikle seg saman med oss. Alle tilsette kan søke om støtte via vårt kompetanseutviklingsfond som lysast ut kvart halvår. Og om du har lært noko nytt og matnyttig, deler du det gjerne med resten av gjengen.

Arbeidstid: Vi trur at samspelet og trivselen på kontoret er viktig for vår felles utvikling. Derfor ønsker vi at du skal ha mesteparten av arbeidstida på kontoret. Samtidig har vi alle eit liv utanom jobb, og vi er fleksible ved behov.

Mangfald: Hos oss er det plass til alle – uavhengig av kva personlig pronomen du bruker, kor du kjem frå, kva du trur på eller kven du elskar. Vi veit at det er mangfaldet som utviklar oss.

Involvering: Vi trur at å involvere dei tilsette gjev motivasjon og læring. Derfor inviterer vi til ulike workshops i løpet av året; strategi, kundereisa, employer branding eller verdi-arbeid.

Karrieremoglegheiter: Convene Group består av fleire selskap og mange spennande moglegheiter. Våre folk jobbar innan teknologi, sal, sakshandsaming, kunderelasjon-/service, økonomi, marknad, compliance, HR  – og mykje meir. Vi er gode på opplæring og rekrutterer gjerne internt.

Vil du vite meir? Ta ein titt på www.credicare.no og www.convene.no, og følg oss gjerne på LinkedIn.

 

 

Marius Skålsvik: – For å oppretthalde vår høge kundetilfredsheit må vi jobbe som et lag. Vi er gode kollegaer som hjelper kvarandre der det trengs, uavhengig av stilling og avdeling. Folk er alltid hyggelege og imøtekomande. I ein hektisk kvardag er det godt å vere en del av et støttande arbeidsmiljø.

Britt-Jeanette Haram Ommedal: – I CrediCare får eg utvikle meg både fagleg og personleg. Hos oss hjelper vi menneske med å finne dei gode løysingane kvar dag, og det kjennest godt å gjere ein forskjell for nokon som treng det.